Ånond Versto

Kunstnerens nettsted: anondversto.com

Utdrag frå eit metafysisk innbrot (II)

‘Spurde eg meg sjølv kvar kunstverka kom ifrå, kunne svare like godt vera at dei var var nappa ut av eit hus ein av og til, med det rette utstyret kan klare å snike seg inn i. Dette vil eg ikkje presisere lenger enn som så, men altså: Det er rett og slett eit mysterium korleis ein kan finne på å reorganisere, samanføye, forme materialar så dei plutseleg og overraskande framstår som produkt av ein heilt klår intensjon. Eg er i eit hus eg ikkje kjenner frå før, det er ingen som har invitert meg inn der, og eg måtte streve og dirke for å koma inn. Altså har eg funne ut at det må vera snakk om innbrot.’

Min praksis rommar skulptur, teikning, språklege prosjekt, trykksaker, lyd, og somme tider også video. Innfalsvinkelen vil eg betegne som skulpturell. Skulptur er for meg ein paradoksal prosess der skiljet mellom eit indre og eit ytre rom utviskast. Eg prøvar å lage arbeid som plasserar seg i kryssningspunkt mellom det materielle og det språklege på underlege måtar. Skulpturens evne til å bli minnemarkør er viktig. Dette ligg etymologisk implisitt i ordet monument (i tydinga minnestruktur), ein utvida form for hugsing, synteser av historie, materiale, håndtverk, ei leikande form for lagring.

Uten tittel (i atelieret), 2015.

Uten tittel (i atelieret), 2015.

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Top